Kor er dei snille heltane?

Kor er dei snille heltane?

I dag er dagen vi strør om oss med snille hjerter og raude roser. Valentinsdagen – alle hjerters dag går fort over og i morgon er vi tilbake til ein heilt vanleg torsdag i februar.

I fjernsynet og på andre flate skjermar ein vanleg torsdag i februar,  er det langt mellom gode, vennlege, undrande, rolege, SNILLE rollemodellar.  Dei verkelege heltane.

Slik som vi hugsar Anne Cath Vestly sitt lune vesen då ho fortalte historiar til oss gjennom fjernsynsruta – ho fylte hele stova med det snille. Eller stemma hennar i radioen.  Lyden av kjærleik.  Ei kraft som voks vidare i oss. Vi var stille som mus når vi høyrde på den.  Anne Cath var helten.

I Amerika hadde dei Mr. Rogers på TV.

Han gjer same enkle ritual kvar dag. Roleg kjem han inn døra, smiler,  skiftar sko medan han syng: «Vil du vera naboen min?»  Utan støy, utan stress tar han på seg cardigan jakka med glidelås. Akkurat slik, frå mandag til fredag  møter han blikket til born og snakkar direkte, mildt og naturleg.  Mr. Rogers snakkar om følelsar,  han demonstrerer eksperiment, viser ekta håndverk, spelar musikk, ofta jazz. Han gjer alltid eit poeng av at den største gåva du kan gje til andre, er di eigen, ærlege autentiske gåva. Den du er.

I 33 år, på slutten av kvar episode syng Mr. Rogers, medan han knipsar fingrene to gonger og same ritual som då han kom inn.  Det siste han minner om når han går ut døra: «Gjer alltid kvar dag til ein spesiell dag, og du veit korleis; berre ved at du er deg sjølv. Det er ein person i heile verda som er som du, og det er du!  På gjensyn!»

Neighborhood programmet vart ein del av kvardagen til tvillingane våre då vi budde i Amerika.  Det var meir enn eit fjernsynsprogram. Han var til å stola på. Det var ein dagleg dose med kjærleik frå TV. SNILL magi.  Mr. Rogers var helten.

Kor er dei snille heltane? Kor er den nye Anne Cath? Kor er den nye Fred Rogers?  Kom fram! Vi treng dei på skjermane våre. Vi treng dei til å fylle romma våre.  Vi treng dei i hjartene våre.  Det snille. Framtidas ressurs.  Vi treng denne ressursen når Valentinsdagen er over og vi skal møta våre medmennesker  i morgon, ein heilt vanleg torsdag i februar.

 

Ta plass-knus det interne glasstaket!

Ta plass-knus det interne glasstaket!

Kvinner over heile verda har vist mot ved å dela historier i ulike medier. Historier som har levd i det tause, i det skamfulle. Historier om seksuell trakassering. Om korleis  grufulle opplevingar har sett spor, følelsar som krympa sjølvkjensle- usynleg, ingen verdi. Overgrep frå menn med makt.

Vi har ein lang veg å gå og det trengs ein kollektiv kulturendring til for å fordømme trakassering, ein barriere som hindrer kvinner i å visa si verkelege storheit, kreativitet og stemme.  Ein alvorleg bøyg for kvinner mot å innta topposisjoner.

Sjølvpålagte grenser

Det finst framsleis idag, i vårt likestilte samfunn, eit anna stort hinder for kvinner mot å få innflytelse, bli høyrt og utvida potensialet. Mannsdominering har ikkje skulda for alt. Våre sjølvpålagte grenser er framleis tydelege. Eit internt glasstak over dei gamle førestillingar om makteslausheit, liten tru på eigen verdigheit, mulegheiter, val og handlingar. Eit glasstak som hindrar oss i å henta ut krafta som ligg i oss, ofte som eit tryllesett, gøymt og gløymt. Det berømte glasstaket må vi kvitta oss med samtidig som vi må læra oss korleis vi skal bryta vårt indre glasstak.

Kven eller kva skuldar vi på når vi ikkje lukkast i å oppnå den posisjonen vi ynskjer?  Mangel på støtte frå menn? På tid? Pengar? Utdanning? Dårleg økonomi? Altoppslukande omsorgsoppgåver? Eit samfunnn som ikkje heiar på kraftfulle kvinner? Det er sanningar i alt dette,  men vi kjem ingen veg med å forbli her. Heller ikkje om mors- eller farssarven er med på lasset og den indre stemma seier «låg sjølvtillit» som bortforklaring. Innerst inne veit vi betre. Vi veit mønsteret, kjenner sabotøren, det står att å bryta ut.

Ta plass – bli synleg
Begrensningar og trua på kven vi er og kva verdi vi har blir repetert inni oss og slår ut i måten vi opplever livet kvar dag.  Korleis vi framstår. Den delen av oss som er såra, den som sit fast i gamle mønster som krympar og begrensar vårt potensial. Mange føler at det dei bidreg med ikkje blir sett eller verdsett av andre. Dei blir forvirra, på kvifor dei – tross intelligens, hardt arbeid og engasjement – ikkje får fleire mulegheiter. Slikt er demotiverande. Vi kan ikkje oppnå suksess og få toppjobbar med ei djup kjensle av å ikkje vera flinke nok, gode nok, verdige nok. Vi kan heller ikkje påverka verda med frykt for å ikkje ha noko å bidra med.

Det er derfor vi må knytta saman forbindelsen mellom det kloke, innsiktsfulle, sanselege og kraftfulle i oss. Den djupare sanninga vil pakka ut magien som kan knusa glasstaket. Kvinner må slutta å vera usynlige, men visa oss fram med eigne tankar og følelser, vera autentiske – ikkje spegla oss i andre. Ikkje gøyma oss.

Sanninga er at andre ikkje kan kjenna våre følelser, behov og ynskjer, med mindre vi deler dei. Vi må ta plass som dei vi er, dele våre ynskjer og behov og gjere dei synlege og tydelege.

Publisert i Romerikes Blad 2.11.2017

Fotball, fengsel og fargar

Fotball, fengsel og fargar

Fotball. Det er ikkje fotball EM, men eit fargesprakande sleivspark i stolpen på eigen banehalvdel i stova, som skulle til for å få meg til å sitja i sofaen. Med eit brot i foten, no midt på sommaren, mot slutten av EM, er livet i sofaen noko heilt nytt. Eg får med meg alt. Heile fotballkampar. Fyrste og andre omgang, ekstra omgangar, straffespark konkurranse, til og med pausen får eg med meg, – utan å skifta stilling. Med venstre foten høgt, gler eg meg over pasjonen. Eg gler meg også over å lesa aviser, alt som står om fotball, om årsinntekta til Ronaldo på 700 millionar kroner, at Müller aldri scorar i EM, ikkje på straffe heller og kva er det no Boateng tenkjer på når han går inn i høgdeduell med armane rett til værs? Draumen om ein håndballkarriere kanskje? Så er det sagaen om «Stråkarnir okkar». Endå meir pasjon. Eg gler meg over det kraffulle, det ekte. Det er mykje å undra seg over i sofaen, når ein er litt ufri, litt hemma, og med «tåa i fatle.» Eg likar fotball og gutane mine likar meg slik, at eg sit stille og engasjerer meg i kampen på fjernsynet saman med dei. Når kampen er over, avisa er lest, då sappar eg over til serien på Netflix, «Orange is the new Black» – «Mitt år i kvinnefengel». Det kunne vore meg, det kunne vore deg. Det er som fotballkampen. Store draumar, små marginer, men det som er overraskande er at eg nikkar meir gjenkjennande til historien om livet til ei kvinne i fengslet, enn livet til helten på fotballbanen. Det er mykje som står på spel, eit følelseslada fargeregister mellom tap og seier. Spelarane er i fokus heile tida. Dei blir sett, verdsatt, hylla, og jubla fram av fansen, heile nasjonen, heile verda. Tapet er lettare å tåla slik. Graset er framleis grønt.

Fengsel. I luftegården i fengslet er kvinnene isolert frå godfot følelsen. Å mista fotfestet ei stakket stund og havna i tåka, langt under horisonten, der det grå betongdekket ikkje gir etter for ein smell, er hardt og vitnar om eit mangfold av skam, frykt, angst, avvising. Kanskje eit lite bidrag frå fotballfesten kan gje håp? Ikkje undervurder ein dråpe i havet. Om dråpen er stor nok og dei små handlingane med strålar av ljos er sterke nok, kan dei klåre fargane til regnbogen koma til syne.

Fargar. Då eg var liten lurte eg på kven regnbogen fekk fargane sine frå. Kven var det som laga dette maleriet over skorsteinane,oppe i lufta der fuglane flyg? Og var det ikkje slik at skatten, gullet, livets under ligg i enden av fargespelet? Det er umogeleg å tenkja på ein regnboge utan fargar. Korleis skulle det ha vore? Regn uten dråpar? Sol utan strålar? Eg lærde om Noas ark, der Gud skapte regnbogen som eit teikn på lovnaden om at han aldri igjen skulle senda ein liknende flaum over jorda. I helga var denne lovnaden ikkje til å ta feil av. Det er like før avspark i kvartfinalen mellom Tyskland og Italia då mi australske veninne i fengslet i Algeciras ringer. Som alltid, ein intens, kort, og ærleg nær samtale før telefonvakten brutalt kuttar linja. Slik er det kvar gong, eit par tre gonger i veka det siste halvanna året. Louise fortel om sin kamp, dei spelar ikkje på lag kvinnene i det spanske fengslet. Der er alle motstandarar og fair play er eit framandord. Dei bryt kvarandre ned. Her manglar lyden frå heia rop og fargane frå engasjementet til bølgen frå folkemassane. Tap kvar dag. Derfor likar ho at eg skildrar livet mitt slik det er utanfor murane. Det kvardagslege, det eg ser og føler akkurat no, frå sofaen like før kampen. «Louise, fargane i regnbogen i kveld er klarare, sterkare og reinare enn eg nokon gong har sett, det er magisk! Rød ytterst, deretter oransje, gul, grønn, blå og fiolett innerst. Alltid slik», fortel eg. Louise er klok, human, følsom og langt nede på rangstigen blant kvinnene i fengslet. Derfor skapar det meining for ho å vera noko for meg. Ho gjev trøst til det «stakkars» bruddet i tåa mi. Ho fortel at venstre sida på kroppen er den spirituelle, den åndelege, men ikkje legg så mykje vekt på det som har skjedd. “Forget the small details and the whole picture will be clearer», seier ho mildt og venleg før telefonsamtalen nok ein gong blir kutta. Ja, slik er det Louise. Ein bagatell i det store bilete  Eit sleivspark med foten i stolpen, ein bom på EM målet, staffeomgangen din i fengslet. Når det kjem til stykke, når resultatet blir målt, er det engasjementet for andre som skapar den varige verdien, i hjarta og i sinnet. Mellom regn og sol ligg det vakre, forandringen, handlingen. Fargar som løfter og beriker.

Somewhere over the rainbow way up high

There’s a land that I heard of once in a lullaby

Somewhere over the rainbow skies are blue

And the dreams that you dare to dream really do come true

 

Someday I wish upon a star

And wake up where the clouds are far behind me

Where troubles smelled like lemon drops

Way above the chimney tops

That’s where you’ll find me”

Eg undrar, er Donald i slekt med Donald?

Eg undrar, er Donald i slekt med Donald?

Amerika og verda lærde eg å kjenna gjennom Donald – og no skal eg på nytt læra å kjenna verda og Amerika gjennom Donald.  I flokken av ender er det to heilt spesielle.  Den stygge andungen frå det fine eventyret og Donald Duck frå Andeby universet.  Begge er ender som spelar menneske.  I flokken av menn er det i dag ein Donald som er heilt spesiell,-  kan han visa seg å vera ein slags blanding av den stygge andungen og  Donald frå Andeby? Slektskap på kvar sitt univers?

Mitt fyrste møte med Donald var eit møte med ein uforutsigbar, rettskaffen, ufyseleg, hissig, lat og ambisiøs kar som var oppteken av å realisera seg sjølv, men fekk det ikkje heilt til. Det var eit møte med alt anna enn ein kjernefamilie.  Kjærast med Dolly, sånn av og til – nevøane Ole, Dole og Doffen med moderne fjernsyn og  mat i store kjøleskap. Onkel Skrue hadde pengebinde og fetter Anton hadde flaks. Donald var kvekkande, langnebba, og eg hugsar historia om eggemysteriet der firkantfolket snakka vossamål. Det var identitet. Med åra fekk han kortare nebb og fleire og fleire menneskelege trekk. Det er noko med Donald Duck , ein allsidig karakter som aldri er akkurat passe – han skil seg ut og kjempar mot det ordinære,- eit tvilsamt førebiletet som eg brukar som deksel  på telefonen min.

Livet i Andeby er no falmande, men ein ny Donald er i dag skapt,- han har mange like sleksstrekk.  Med stor pengebinge, ære og berømmelse, herskar, av-og-på med kvinner,  er han blitt den forgylte «make America great again»  presidenten, blant stjerner og striper.  Verda veit ikkje kva den kan forventa av han.  Ein sjelden fugl.  Vi manglar erfaring med slike. Vi trudde ikkje det kunne skje,-  var sikre på  nederlaget og at han, i likskap med slektningen i Andeby, skulle lukka  det uforutsigbare nebbet som kjempa på ufyseleg vis mot det ordinære.  At vi fortsatt skulle le.

« Han vil vi ikkje tåla, han er eit spetakkel, han er stygg». Til slutt i eventyret  blir den stygge andungen avslørt som ein svaneunge.  Det skjer når han oppdagar sin eigen identitet i spegelbiletet i vatnet og blir utfordra av andre svanar. Medan vi ventar på å bli kjent med verda gjennom Donald, kan vi med håp om felles verdigrunnlag lytta til Tsjaikovskijs musikk,-  og erindra svanesjøens verden av dramatikk og mystiske skapningar, ei historie der svik og makt blir erobra av kjærleik – og det gode seirar over det vonde.

November poesi – vitamin for sjela mi

November poesi – vitamin for sjela mi

I vår travle tid med mykje teknologi, er det godt med små, stille pausar. Det er då vi kan legga merke til at vi omgjer oss med poesi. Naturen består seg av det, – lukt på grana, lytt til fuglen, studer livet på fjorden og slå av ein prat, -før nokon går forbi. «På vandringens veg kjem følelsen av at verda berre er den vesle fuglen og meg.» For min del er poesien vitamin for sjela og no sein haust, treng eg påfyll. Poesien erstattar ikkje akkurat D-vitamin frå sola, men vitamin for sjela styrker også immunforsvaret. Og gløym ikkje at du kan erstatta den tida du ikkje har, med litt meir kjærleik!

Faren min var til stor inspirasjon for meg. Han kunne skriva lyrikk og kåseri om absolutt alt, vakkert og ekta. Han skulle ha brukt talentet sitt så mykje meir, men samstundes er eg glad for all den gleda han gav til mange.

Eg ser det store i det små og det vakre i kontrastane. Sonen min Jakob, sa spontant til meg ein dag då han var liten. » Hadde jeg hatt en annen mamma, så hadde jeg elsket henne tusen ganger» Eg stussa og så kom det forløysande. «, men siden jeg har deg, elsker jeg deg uendelig, langt ut i verdensrommet, rundt månen, stjernene, solen og inn i konglene»

Poesien kjem ofte til meg når eg er ute, som i går, la merke til ein tom benk og den avkledde tavla. Slikt blir det spontan november lyrikk av:

«November,  – det kler deg å vera naken, ærleg avkledd, – med ettersmaken av kjærleg sommarlatter, ber du taust på gylne livsskatter – det er difor du er ein sårbar, sein haust.

Ein benk er åleine, med stille løyndom frå sommarkveld der jenter kysser gutar i senk, med hell blusser erindringa opp, for tenk, -i avtrykket ligg alt det andre yre, godt gøymt,-  i ein benk i november.

Tavla er tom. Jonsokspel, leik, segling og alt vi skravla om, er tatt av plakaten.  Fuglen blunder i den raude busken, -det er kvilestunder før den også takkar for seg og let vibrasjonane frå badegjester henga igjen i lufta, det er slikt som fester seg og gir håp for ein ny sesong,- til våren ein gong.

Himmel-ljoset i pastell speglar seg einsamt i fjorden, for å hente energi til den blå timen som er i vente.  Dagen er kort, det går så fort, – snart er det vi som er avkledde, nakne kroppar.  Kva med eit bad,- før snøen legg seg som eit kvitt pledd over syrinknoppar og glade minner vi ikkje lenger ser? November, det er no vi ber,- om godt vêr!»

ViJo 1.november 2016

 

Spaceship Earth treng samstemte vingeslag

Spaceship Earth treng samstemte vingeslag

Bærekraft er ordet vi brukar om nesten alt.  Miljø, økonomi, teknologi, klima, fred. Vi kan ikkje lenger snakka bærekraft, vi må gjera mykje for å hindra at kloden vår styrtar. La oss, som er født på solsida, samstemma vingeslaga våre ombord på «Spaceship Earth», for å halda kursen på vår felles reise inn i framtida. Det nyttar ikkje lenger å brusa med fjørne, rista på stjerten og tru at kloden fiksar kursen sjølv, uten meg, for eg er opptatt av min eigen «business» og har nok med å trena biseps og triseps. Sterk og tøff flaksar eg fort, min eigen veg.  Den vegen høyrer fortida til, då kloden heitte Moder Jord, vi laga forretningsplanar med enkel bunnlinja og borna feira FN dagen med nesten lika stor begeistring som til 17-mai.

Denne veka var det FN dagen. Eg deltok på noregslanseringa av rapporten til DNV- GL, om dei 17 globale bærekraftsmåla til FN, ein omtale av den framtida verdssamfunnet ynskjer å utretta innen 2030.  Eg lærde at med bærekraftsmåla er vi alle blitt utviklingsland.  Alarmerande raude lys høyrer ikkje berre heima i fattige land.  Her på berget og i resten av den rike delen av verda, har vi store utfordringar.  I tillegg til å justera kursen med samstemte vingeslag, treng vi å segla i same retning. Med alt vatnet som omgjer oss, kan vi godt også kalla flåten «Spaceship Ocean». Vi er alle på den ekstraordinære mannskapslista og har ansvar,-  og fridom til å plukka frå dei 17 måla. Finn ditt engasjement, kva er ditt bærekraftsmål?  Det er nok av oppgåver, blant anna innen biologisk mangfold, klima, auka ulikheiter, ansvarleg forbruk. Bidra med det du klarar, saman med andre. På jobben og i lokalsamfunnet.  På dei arenaer du ferdast, vi har ein lang veg å gå og vi treng alle å vera kloke leiarar for ikkje å styrta.  

Heldigvis oppheld «Spaceship Earth» seg i rommet, i muligheitsrommet. Vi menneske ombord har evnen til samarbeid, utfordringane våre driv innovasjonen.  Tilliten til kvarandre er avgjerande for å gjera ein forskjell.  Vi går i rett retning mot fleire av måla, blant anna utrydding av fattigdom, svolt og jamstilling mellom kjønn. Våre vingeslag blir meir samstemte når vi ser verdien av trippel bunnlinja,  det sunne i å tjena pengar på å gjera høva bedre for oss alle.  Vingeslag som bidreg til at guten i sør og jenta i nord får mat, reint vatn, god helsa, utdanning, rettvis behandling i eit godt klima.  Uavhengig av kjønn. Ein fredeleg atmosfære blir skapt i partnerskap og likeverd. På landjorda og på havbotn.  Men alt byrjar med deg sjølv.

Forslag til ei bærekraftig kvardagsleg treningsøkt, for samstemte vingeslag : Oppvarming med sortering av plast og papir, signer på ein kampanje for å minska bruken av plastemballasje. Jogg til butikken med handlesekk, kjøp eit par sko i bruktbutikken, del ein god idé og betal skulepengar for eit barn i Afrika.  For nedtrapping, slå av ein prat med ein du ikkje kjenner. Tøy ut med å spanderte eit smil og ein varm klem på ein fyr som frys.

Nyt stjerne himmelen før du sovnar. Skru av lysbrytaren. Det gjer ein forskjell når varsellampene gløder, – eller er det fyrtårnet i det fjerne som fortel oss at: ja, små endringar frå deg og meg skapar håp for framtida til dei som enno ikkje er født. Inderst inne så lengtar vi alle etter ei rein, fager, trygg og rettvis, Moder Jord.  Vi kan ikkje styrta, for vi skal landa bærekraftsmåla!