Amerika og verda lærde eg å kjenna gjennom Donald – og no skal eg på nytt læra å kjenna verda og Amerika gjennom Donald.  I flokken av ender er det to heilt spesielle.  Den stygge andungen frå det fine eventyret og Donald Duck frå Andeby universet.  Begge er ender som spelar menneske.  I flokken av menn er det i dag ein Donald som er heilt spesiell,-  kan han visa seg å vera ein slags blanding av den stygge andungen og  Donald frå Andeby? Slektskap på kvar sitt univers?

Mitt fyrste møte med Donald var eit møte med ein uforutsigbar, rettskaffen, ufyseleg, hissig, lat og ambisiøs kar som var oppteken av å realisera seg sjølv, men fekk det ikkje heilt til. Det var eit møte med alt anna enn ein kjernefamilie.  Kjærast med Dolly, sånn av og til – nevøane Ole, Dole og Doffen med moderne fjernsyn og  mat i store kjøleskap. Onkel Skrue hadde pengebinde og fetter Anton hadde flaks. Donald var kvekkande, langnebba, og eg hugsar historia om eggemysteriet der firkantfolket snakka vossamål. Det var identitet. Med åra fekk han kortare nebb og fleire og fleire menneskelege trekk. Det er noko med Donald Duck , ein allsidig karakter som aldri er akkurat passe – han skil seg ut og kjempar mot det ordinære,- eit tvilsamt førebiletet som eg brukar som deksel  på telefonen min.

Livet i Andeby er no falmande, men ein ny Donald er i dag skapt,- han har mange like sleksstrekk.  Med stor pengebinge, ære og berømmelse, herskar, av-og-på med kvinner,  er han blitt den forgylte «make America great again»  presidenten, blant stjerner og striper.  Verda veit ikkje kva den kan forventa av han.  Ein sjelden fugl.  Vi manglar erfaring med slike. Vi trudde ikkje det kunne skje,-  var sikre på  nederlaget og at han, i likskap med slektningen i Andeby, skulle lukka  det uforutsigbare nebbet som kjempa på ufyseleg vis mot det ordinære.  At vi fortsatt skulle le.

« Han vil vi ikkje tåla, han er eit spetakkel, han er stygg». Til slutt i eventyret  blir den stygge andungen avslørt som ein svaneunge.  Det skjer når han oppdagar sin eigen identitet i spegelbiletet i vatnet og blir utfordra av andre svanar. Medan vi ventar på å bli kjent med verda gjennom Donald, kan vi med håp om felles verdigrunnlag lytta til Tsjaikovskijs musikk,-  og erindra svanesjøens verden av dramatikk og mystiske skapningar, ei historie der svik og makt blir erobra av kjærleik – og det gode seirar over det vonde.