Eg undrar, er Donald i slekt med Donald?

Eg undrar, er Donald i slekt med Donald?

Amerika og verda lærde eg å kjenna gjennom Donald – og no skal eg på nytt læra å kjenna verda og Amerika gjennom Donald.  I flokken av ender er det to heilt spesielle.  Den stygge andungen frå det fine eventyret og Donald Duck frå Andeby universet.  Begge er ender som spelar menneske.  I flokken av menn er det i dag ein Donald som er heilt spesiell,-  kan han visa seg å vera ein slags blanding av den stygge andungen og  Donald frå Andeby? Slektskap på kvar sitt univers?

Mitt fyrste møte med Donald var eit møte med ein uforutsigbar, rettskaffen, ufyseleg, hissig, lat og ambisiøs kar som var oppteken av å realisera seg sjølv, men fekk det ikkje heilt til. Det var eit møte med alt anna enn ein kjernefamilie.  Kjærast med Dolly, sånn av og til – nevøane Ole, Dole og Doffen med moderne fjernsyn og  mat i store kjøleskap. Onkel Skrue hadde pengebinde og fetter Anton hadde flaks. Donald var kvekkande, langnebba, og eg hugsar historia om eggemysteriet der firkantfolket snakka vossamål. Det var identitet. Med åra fekk han kortare nebb og fleire og fleire menneskelege trekk. Det er noko med Donald Duck , ein allsidig karakter som aldri er akkurat passe – han skil seg ut og kjempar mot det ordinære,- eit tvilsamt førebiletet som eg brukar som deksel  på telefonen min.

Livet i Andeby er no falmande, men ein ny Donald er i dag skapt,- han har mange like sleksstrekk.  Med stor pengebinge, ære og berømmelse, herskar, av-og-på med kvinner,  er han blitt den forgylte «make America great again»  presidenten, blant stjerner og striper.  Verda veit ikkje kva den kan forventa av han.  Ein sjelden fugl.  Vi manglar erfaring med slike. Vi trudde ikkje det kunne skje,-  var sikre på  nederlaget og at han, i likskap med slektningen i Andeby, skulle lukka  det uforutsigbare nebbet som kjempa på ufyseleg vis mot det ordinære.  At vi fortsatt skulle le.

« Han vil vi ikkje tåla, han er eit spetakkel, han er stygg». Til slutt i eventyret  blir den stygge andungen avslørt som ein svaneunge.  Det skjer når han oppdagar sin eigen identitet i spegelbiletet i vatnet og blir utfordra av andre svanar. Medan vi ventar på å bli kjent med verda gjennom Donald, kan vi med håp om felles verdigrunnlag lytta til Tsjaikovskijs musikk,-  og erindra svanesjøens verden av dramatikk og mystiske skapningar, ei historie der svik og makt blir erobra av kjærleik – og det gode seirar over det vonde.

November poesi – vitamin for sjela mi

November poesi – vitamin for sjela mi

I vår travle tid med mykje teknologi, er det godt med små, stille pausar. Det er då vi kan legga merke til at vi omgjer oss med poesi. Naturen består seg av det, – lukt på grana, lytt til fuglen, studer livet på fjorden og slå av ein prat, -før nokon går forbi. «På vandringens veg kjem følelsen av at verda berre er den vesle fuglen og meg.» For min del er poesien vitamin for sjela og no sein haust, treng eg påfyll. Poesien erstattar ikkje akkurat D-vitamin frå sola, men vitamin for sjela styrker også immunforsvaret. Og gløym ikkje at du kan erstatta den tida du ikkje har, med litt meir kjærleik!

Faren min var til stor inspirasjon for meg. Han kunne skriva lyrikk og kåseri om absolutt alt, vakkert og ekta. Han skulle ha brukt talentet sitt så mykje meir, men samstundes er eg glad for all den gleda han gav til mange.

Eg ser det store i det små og det vakre i kontrastane. Sonen min Jakob, sa spontant til meg ein dag då han var liten. » Hadde jeg hatt en annen mamma, så hadde jeg elsket henne tusen ganger» Eg stussa og så kom det forløysande. «, men siden jeg har deg, elsker jeg deg uendelig, langt ut i verdensrommet, rundt månen, stjernene, solen og inn i konglene»

Poesien kjem ofte til meg når eg er ute, som i går, la merke til ein tom benk og den avkledde tavla. Slikt blir det spontan november lyrikk av:

«November,  – det kler deg å vera naken, ærleg avkledd, – med ettersmaken av kjærleg sommarlatter, ber du taust på gylne livsskatter – det er difor du er ein sårbar, sein haust.

Ein benk er åleine, med stille løyndom frå sommarkveld der jenter kysser gutar i senk, med hell blusser erindringa opp, for tenk, -i avtrykket ligg alt det andre yre, godt gøymt,-  i ein benk i november.

Tavla er tom. Jonsokspel, leik, segling og alt vi skravla om, er tatt av plakaten.  Fuglen blunder i den raude busken, -det er kvilestunder før den også takkar for seg og let vibrasjonane frå badegjester henga igjen i lufta, det er slikt som fester seg og gir håp for ein ny sesong,- til våren ein gong.

Himmel-ljoset i pastell speglar seg einsamt i fjorden, for å hente energi til den blå timen som er i vente.  Dagen er kort, det går så fort, – snart er det vi som er avkledde, nakne kroppar.  Kva med eit bad,- før snøen legg seg som eit kvitt pledd over syrinknoppar og glade minner vi ikkje lenger ser? November, det er no vi ber,- om godt vêr!»

ViJo 1.november 2016