Maraton er som livet, meir enn distansen frå start til mål. Å bruka av seg sjølv er essensen. Dette er ei reise gjennom løypa i New York. Bruk atmosfæren frå turen til inspirasjon til jobb eller personleg engasjement. Blir du med?

I startområdet, Staten Island. Nasjonalsongen, kanondrønn og med ljomen av legendariske Frank Sinatra, «New York, New York», er tusenvis i bevegelse. Maraton er ikkje berre ein fot framføre den andre i 42,195 kilometer. Kjenslene er òg i rørsle. Gåsehud, blanke auger, sommarfuglar i magen, mental fokus, pust, smerte, energi ut av komfortsona.

Utpå den mektige Verrazzano Narrows Bridge, stille i flokk, vi er mange nok, oppover, oppover til det høgste punktet med vidsyn til hamna, «skyline», Statue of Liberty. Heile verda samla på ei bru. Trygt med NYPD helikopter over og glitrande vatn under oss. I balanse, midt på, før det går nedover. Med brua i ryggen frontar vi hordar av menneske med varm velkomst til Brooklyn. Plakatar med gode, humoristiske ord, heiarop, heftige soulrytmar. Blikk møter blikk, hender møter hender, «highfive» og folkefest. Plutseleg midt i larmen, blir det på nytt stille. Eit skifte, ei endring, ein ny kultur. Den ortodokse jødiske Williamsburg. Lågmælte klede og uttrykk, mørke menn, duse kvinner, born med ransel, søndag og heilt uberørt av sirkuset. Eg prøver meg på litt hebraisk. Vennleg undrande respons før nye kapittel med begeistring langs løypa.

I flytsona, på og av

Eg tenker lett, ledig, mjukt og prøver uanstrengt å ta imot alt det løypa har å gje. Frå ein brannbil strøymer det ut ny energi, den heftige låten frå filmen Rocky, «Eye of the tiger». Tøffe menn i uniform dansar etter rytmane, akkurat det den trøytte kroppen min hadde behov for på vegen vidare til Quensboro Bridge. Brutal betong sug nye krefter, målretta tunge steg rommar lufta medan synet av Manhattan gjev opptur.

First Avenue er ein slags rykk tilbake til start. Det veit publikum som spanderar bananer, sjokolade, muffins. Påfyll for sjela, for kroppen fortel meg at eg burde ha gjort endå betre førebuingar. Frivillige byr på lindring med våte svampar og massasje. Det neste giret gjennom fargerike Bronx heiter VILJEN. Det ligg ei død rotta i vegen. Løypa svingar.

Halleluja!

Harlem med gospel, gangster og glede. Her sakka eg farten framfor ei kyrkja for å ta inn fantastisk musikk og oppdagar den svarte mannen med plakatteksten: «You better run girl, you are in Harlem».  Halleluja! Ny giv på Manhattan. Haustfargar, Fifth Avenue, kostbare hus. Folka som bur her er ute og deler raust med applaus og håp om å nå målet. Kjensla av å vera rockestjerne! Central Park er større enn du trur, eg hentar energi frå skråling frå folk med utstråling og småpratar med andre løparar, som  jenta frå Bangladesh. Vi snakkar om inspirasjon frå nobelfredsprisvinnar Muhammad Junus, som eg møtte i Oslo. Eit forvirra lite ekorn, hoppande modig på sidelinja. Ein detalj som elles er lett å oversjå, men ikkje når du er på felgen. Suksessen ligg i detaljane.

Saman er vi mindre aleina

Nye kilometer, vi lenar oss til kvarandre, saman er vi mindre aleina. Så endeleg! Endeleg kjennest antydning av mestring.  Den følelsen eg kjende ved  målgang i Roma, i Paris, i Berlin og no snart her i New York. Verdas største og mest populære maraton. Det er emosjonelt å passera «finishline». Amerikanarane er verdsmeistrar i ros og anerkjenning. «You are amazing!». Belønning rundt halsen. Medalja er ekstra stor og feit. Med «zombieskritt» går eg saman med tusener ut av eventyret.

Eit eventyr eg aldri vil gløyma.

Eg håpar at den dagen livet er slutt, at eg er fornøgd med prestasjonen. Eller snarare stolt over alle menneska eg møtte, inntrykk eg tok inn undervegs og delte vidare. Det eg klarte å gje av gleda. At eg brukte av meg sjølv og potensialet mitt.

Og du, det er aldri for seint å utforska det du har lyst til. Kva er det som gjev deg energi til å nå målet?

Det nye ligg kanskje utanfor komfortsona, men det er god grunn til å ta turen dit.

Eg var 54 år då eg byrja å springa.

Det skal merkast at vi lever.  Og det kjenner vi når vi spring maraton.

 

«Blikk møter blikk, hender møter hender, «highfive» og folkefest. Plutseleg midt i larmen, blir det på nytt stille»