Om Vigdis Jordal & Hjertebank

Vigdis Jordal er ein engasjert, kraftfull og profesjonell formidlar. Hennar nære og personlege nærvær gir ei umiddelbar god stemning og låge skuldrer. Med humor, poesi og menneskeleg varme skaper Vigdis ein ekstra kunstnarisk dimensjon på arrangementet.

Som foredragshaldar og historieforteljar inspirerer ho til arbeidsglede, mot, mestring, endring og god bedriftskultur. Spesialiteten hennar er mellommenneskelige relasjonar, formidla med «human touch», noko som engasjerer, motiverer og rører. Som konferansier er ho kjent for å knyta foredragshaldarar, tema og tilhøyrarar saman på ein sjarmerande og underhaldande måte. Alltid med ein poetisk snert og vakker vossadialekt.

I tillegg til eit levande globalt engasjement er ho mentor, maratonløpar, livsnytar, og «ekte globetrotter.» Vigdis er farmasøyt og har lang erfaring som produktsjef, marknadssjef og kommunikasjonsjef i legemiddelindustrien. Ho har jobba internasjonalt i farmasøytisk industri i USA og på sjukehusapotek i Israel.

I dag er Vigdis Jordal farmasøyten som blandar magiske ord til engasjerande forteljingar.  Ho står på mange ulike scener og deler erfaringar om korleis bruka forteljingar som fagleg formidling og som inspirerande livsvisdom.

 

 

Boka Luft og kjærlighet – historier om møter mellom mennesker

«Få steder i landet har mennesker opplevd så mange sterke øyeblikk som på Oslo Lufthavn Fornebu, Norges vindu mot verden i nærmere seksti år. Alltid var dette en spesiell arena for møter og avskjeder, glede og sorg, overraskelser og forventing. I krigs- og fredstid, i «gode og onde dager» − alltid var det luft og kjærlighet på Fornebu! Denne boken vil vise noen av øyeblikkene, fra start til slutt. Her er historier fra den høytidelige åpningen 1. juni 1939, til den siste avskjed, 7. oktober 1998. I ord og bilder får vi glimt fra mennesker som har vært på rollelisten gjennom Fornebus historie. Og sist, men ikke minst, er her historier om stillheten etterpå.

Vi håper du lar deg friste, ikke til å feste sikkerhetsbeltet, men til å ta det av − på livets reise i møter med mennesker.»
GOD TUR!

Initiativtakere og i redaksjonen: Vigdis Jordal, Anette Skuggedal og Ellen-K Syverstad
ISBN: 978-82-8071-183-0
Pris: kr 349,

Redda hjartesjuke Momodou

Ei historie om å engasjera seg i eit anna menneske. Det å aldri gi opp håpet og trua på at du kan gjera ein forskjell! Etter hjarteoperasjonen på Rikshospitalet, sommaren 2010, fekk Momodou livet i gåve.

I dag går han på skule, ler og speler fotball heime i Gambia og er evig takksam for dei gode hjelparane som engasjerte seg i å redda Momodou. Hjarteleg takk!

 

Engasjement i Heartlift

 

Foreningen Heartlift

Formålet til foreningen er å gje moglegheiter til skulegang for born og ungdom, samt hjelp til sjølvhjelp for kvinner. Vi har opna skule i Gambia og er glade for gode støttespelarar. Vi treng fleire.
Heartlift logo er laga av Bjørg Thorhallsdottir.

Følg Heartlift på Facebook >>