Livs- og arbeidsgleda gror best med drypp av «human touch». Det ekte engasjementet i møte med menneske er lett å gøyma og gløyma under press og prestasjon. Vi er i tida for store endringar. Små menneskelege handlinger er livsviktig på vegen. 

Det er lite som skal til for å gleda eit menneske. Små gode gjerningar spreier seg som ringar i vatn. Eit godt blikk kan vera nok. Som då eg under Bislett Games møtte dei brune varme augene til Carl Lewis. Den olympiske friidrettsstjerna flørta og kjensla frydar meg framleis. Energien og engasjementet smitta. Å bli sett er enkel resept og god medisin for livs- og arbeidsgleda. Like effektfullt som det eine snøfnugget som får greina til å brekka, den eine myggen i rommet når du skal sova, dråpen som får begeret til å renna over.

Å løfta vanens blikk

Det er eit bittelite virus som krakelerer verdskartet. Vi var heilt ubudde på det vesle viruset. Det veltar jobbane våre og leitinga etter eit Utopia, jakta på det effektive, perfekte samfunnet. No er det smittekjeder som sameinar oss på nye måtar. Vi treng ikkje å venta på viljen til endring, vi er alle i endringa.

For folk dør og økonomien blør og mange nyt òg dagane i roleg tempo, stille aleine og tettare saman med kjernen i tilværelsen, naturen og familien.  Eg ser deg, du ser meg. Vi kjenner oss igjen og bryr oss om kvarandre. Det kan verka som ein klisjé, men ikkje oversjå det.

Når vi starter opp verda igjen, arbeidsplassen, kulturen, idretten, det vi elskar i sjølve livet, har vi eit forsprang. Vi har øvd oss på å gjera små ting på ein stor måte. Enkle tiltak som ikkje snevrar inn synsfeltet, men løftar vanens blikk. Eit lysande verktøy når vi skal reorganisera til nye vanar og finna opp kreative skapande løysingar. Det er fint med ord som formidlar håp om ny giv og glede, men berre handling skapar endring.

Den enkle vedkubben, den store varmen

Det blir kaldt i verda om det ikkje finst eld. Vi treng å halda elden vedlike med godheit. Små ting på ein stor måte. Å planta eit tre, saga tømmer, hogga ved, stråla varme i frå oss til medmenneske.

Heima hadde far alltid stablar med ved. Det beste han visste var å koma seg ut i «vedskogen». Eg hugsar hendene til far, dei hendene som etter ei god økt i skogen hadde spor av bjørk, osp, gran. Kraftfulle som trestamma, blodårene så levande som den flytande sevja i det indre av træet, lukt av fuktig jord, sagflis og klorofyll, skapt av stødige djupe røter og blader som blafrar mot lyset. Alt det som lever uavhengig av viljen. Meisterhender, solbrune som i erindringa mi var varme og kravlause når dei mjukt strauk meg over kinnet, eit enkelt stryk med mykje omsut og kjærleik. Eg fraus aldri.

Når hjarta har talt

Momodou skulle dø. Han var fødd med alvorlege hjartefeil og budde i eit fattig land der ingen kunne hjelpa han. Eg høyrde historia, møtte den utmattande hvesande pusten og blikket til den sju år gamle guten på tretten kilo. Eg bestemte meg for å redda eit lite liv. Saman med gode hjelparar tok det ni månader å få han til operasjon på Rikshospitalet. Eit team av fantastiske spesialistar stilte opp frivillig og gav den spede guten nytt liv, eit liv der han går på skule og spelar fotball. Etter operasjonen budde Momodou hjå oss, på rommet saman med Jakob, før eg kunne levera ein frisk son tilbake til kontrasten og familien i Vest Afrika.

Ein liten fattig gut skapte stort engasjement blant folk i Noreg og med ringvirkningar til Afrika. Borna i lokalmiljøet lærte om verdien av eit liv, dei fekk erfara kva empati er, kjensla av å vera sosial i hjarta og mest av alt, ja, du kan endre verda!

Store handlingar startar med eit lite blikk, eit blikk som talar til hjarta. Livs-og arbeidsglede gror best med drypp av «human touch», eit ekko av ekte engasjement som ikkje blir gøymt eller gløymt.

En droppe droppad i livets elv,
har ingen kraft att flyte själv.
Det ställs ett krav på varenda droppe:
hjälp att holda dom andra oppe.

– Tage Danielsson –

«Vi har øvd oss på å gjera små ting på ein stor måte. Enkle tiltak som ikkje snevrar inn synsfeltet, men løftar vanens blikk»