Kvinner over heile verda har vist mot ved å dela historier i ulike medier. Historier som har levd i det tause, i det skamfulle. Historier om seksuell trakassering. Om korleis  grufulle opplevingar har sett spor, følelsar som krympa sjølvkjensle- usynleg, ingen verdi. Overgrep frå menn med makt.

Vi har ein lang veg å gå og det trengs ein kollektiv kulturendring til for å fordømme trakassering, ein barriere som hindrer kvinner i å visa si verkelege storheit, kreativitet og stemme.  Ein alvorleg bøyg for kvinner mot å innta topposisjoner.

Sjølvpålagte grenser

Det finst framsleis idag, i vårt likestilte samfunn, eit anna stort hinder for kvinner mot å få innflytelse, bli høyrt og utvida potensialet. Mannsdominering har ikkje skulda for alt. Våre sjølvpålagte grenser er framleis tydelege. Eit internt glasstak over dei gamle førestillingar om makteslausheit, liten tru på eigen verdigheit, mulegheiter, val og handlingar. Eit glasstak som hindrar oss i å henta ut krafta som ligg i oss, ofte som eit tryllesett, gøymt og gløymt. Det berømte glasstaket må vi kvitta oss med samtidig som vi må læra oss korleis vi skal bryta vårt indre glasstak.

Kven eller kva skuldar vi på når vi ikkje lukkast i å oppnå den posisjonen vi ynskjer?  Mangel på støtte frå menn? På tid? Pengar? Utdanning? Dårleg økonomi? Altoppslukande omsorgsoppgåver? Eit samfunnn som ikkje heiar på kraftfulle kvinner? Det er sanningar i alt dette,  men vi kjem ingen veg med å forbli her. Heller ikkje om mors- eller farssarven er med på lasset og den indre stemma seier «låg sjølvtillit» som bortforklaring. Innerst inne veit vi betre. Vi veit mønsteret, kjenner sabotøren, det står att å bryta ut.

Ta plass – bli synleg
Begrensningar og trua på kven vi er og kva verdi vi har blir repetert inni oss og slår ut i måten vi opplever livet kvar dag.  Korleis vi framstår. Den delen av oss som er såra, den som sit fast i gamle mønster som krympar og begrensar vårt potensial. Mange føler at det dei bidreg med ikkje blir sett eller verdsett av andre. Dei blir forvirra, på kvifor dei – tross intelligens, hardt arbeid og engasjement – ikkje får fleire mulegheiter. Slikt er demotiverande. Vi kan ikkje oppnå suksess og få toppjobbar med ei djup kjensle av å ikkje vera flinke nok, gode nok, verdige nok. Vi kan heller ikkje påverka verda med frykt for å ikkje ha noko å bidra med.

Det er derfor vi må knytta saman forbindelsen mellom det kloke, innsiktsfulle, sanselege og kraftfulle i oss. Den djupare sanninga vil pakka ut magien som kan knusa glasstaket. Kvinner må slutta å vera usynlige, men visa oss fram med eigne tankar og følelser, vera autentiske – ikkje spegla oss i andre. Ikkje gøyma oss.

Sanninga er at andre ikkje kan kjenna våre følelser, behov og ynskjer, med mindre vi deler dei. Vi må ta plass som dei vi er, dele våre ynskjer og behov og gjere dei synlege og tydelege.

Publisert i Romerikes Blad 2.11.2017