«Dream big» – vis engasjement!
Alt det som har ført verda framover byrja ein gong som håp og opprør. Då Martin Luther King jr., i 1963, hald den berømte talen sin, sa han ikkje: «Eg har eit problem.» Han sa:»Eg har ein draum. Ein draum om at dei fire borna mine ein dag kan bu i eit land, der dei ikkje blir dømde ut frå fargen på huda, men av karakteren sin». Det vert inga forandring om vi ventar på at andre skal engasjera seg. Vi er den forandringen som skal til, vi er håpet for eit born som vert mobba, ein nabo som har det vanskeleg, ein tilfeldig forbipasserande med sløra blikk. Vis engasjement!

Historia om tenåringsguten Odin, som tok livet sitt på grunn av mobbing er hjerteskjærende. «Det hjelper ikke å si ifra, de gjør ikke noe uansett», sa Odin. Sonen min Jakob, på same alder, er rørt av historia. Det er vi alle. Kjensla av å vera utestengd, ikkje å verta høyrt, ikkje å verta sett, er grusom. Råtne ord frå andre og nedbrytande handlingar sper seg til kvar einaste celle i kroppen og forgiftar eigenverdien. Negative opplevingar slår raskt rot i ei ung sjel. Ei sjel som etter gjentekne gonger med mobbing, trur på dei dømmande tankane ein får om seg sjølv. Lagnaden til Odin skapar eit sterkt engasjement om forandring. Vi har alle ansvar for kvarandre, for menneskeverdet.

Løft blikket

På den internasjonale skulen til Jakob i Spania i vart det arrangert ein «geistleg» dag med eit klårt mål: å engasjera elevane i temaer som sunne relasjonar og konfliktløysing. Nokre elevar jobba med eit prosjekt dei kalla «Verda er ikkje rettvis» Ei anna guppe av elevar gav seg i kast med eit grafitti prosjekt på ein sidevegg til gym salen. Gatemaleriet heiter «Dream big» og skal vera til inspirasjon om å ha ambisjoner på vegne av alle menneske i vår globale verd. På skulen vert skildnader dyrka og avvik vert fort slått ned på. Elevane lærer å inkludere andre inn i den moralske horisonten, ikkje berre meg og mitt. Denne filosofien inngår i dei fleste fag. Eg trur på ein kvardag med positive holdningar der borna får høve til og løfta blikket utover seg sjølv,- og trena på empati og omsorg.

Den store draumen

Vi vil alltid vera ein del av eit felleskap. Difor er vi menneske. Så kva kan vi som voksne og rollemodellar gjera? Våre djupaste livsverdiar avgjer vala våre og korleis vi oppfører oss. Verdiane er stjernebileter på vår moralske himmel, dei bestemmer fargen på brilleglasa vi ser verda gjennom og avleirar seg i språket vi brukar. Borna speglar seg i dei. Vi snakkar kanskje hatefullt og nedsetjande om dei rundt oss, i staden for og omtala andre med respekt og tillit. Når tilliten er på vikande front og mistenksomheit, frykt og kontroll får dominera, kan det gå frykteleg gale. Den gyldne regel om at ein skal gjera mot andre det ein vil at andre skal gjera mot ein sjølv, er eit forsøk på og sei noko om at vi er avhengige av kvarandre. «Du skal elska den framande», er ein setning som er sitert mange gonger i Bibelen. For vi har det best i mellommenneskelege forhold når kjærleik, godheit og ansvar til å ha det godt, blir dyrka. Men kjærleiken kan ikkje bli pålagt oss med lover og reglar. Oppfordring som; Elsk! Ver begeistra! Ver glad!, fungerar ikkje. Den kjem frå ei indre kjelda og er motgift til det vonde. Hungeren etter kjærleik, å gi og få, er den djupaste grunn i oss, så sørg for og overdriv med påfyll av kjærleik,- til deg sjølv og andre. På den måten blir ikkje hjarta ein konjunktur, men det som varer. La oss sjå, høyra og verdsetja kvarandre. Vi treng den store draumen for å ta knekken på mobbing.

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje,
at det må skje-
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge ( 1908-1994)