Kva er ditt fotavtrykk i verda? What is your global footprint?  Det gjeld å byrja med ein god lest om du vil sko deg for global suksess på di livsvandring. Men er du opptatt av historia til skorne du lagar dine fotspor med?

Skomaker bli ved din lest, er eit utrykk som brukast lite i dag. Det har sine,- «Made in China»  og alt som ligg i det av økonomiske, teknologiske og marknadsmessige, årsaker. Skomakaryrket, eit av verdas eldste handverksfag, dør ut, medan Ja, vi elskar sko, mange par sko! Inngangen vår her heima ser til tider ut som inngangen til ein moské. Ein saleg blanding av  «American sneakers» «Jesus sandalar», «Viking støvlar» og eit og anna par kortreiste Aurladsko og «langtifråkomne, -one for one- Toms shoes».

Skomakaren og verkstaden, som ofta ligg i bustadhuset, er også ein samlingstad. Der kan folk koma innom for å slå av ein prat. Ein stad som samfunnet treng og er heilt avhengig av. Populariteten til fjernsyn serien, «Jul i skomakergata» viser at vi trivst der skinn blir garva, sko blir sydd og vi likar den direkte kontakt med skaparen sjølv. Det var slik det var før. På den tida då vi var gamaldagse.

Slik er det framleis på Elfenbeinkysten. Når «djeliba», som er handelsspråket for skomakar, kjem til landsbygda for å reparera og selja sko, blir det stor begeistring. Borna ropar «djeliba, djeliba» og folk strøymer til. Dei pratar, ler, dansar, er saman når sko blir fiksa og kjøpt.  For Antoinette Botti, var det eit høgdepunkt for borna då skomakaren kom. Ho fortel meg at familiane er avhengige av dette handverksfaget, det er tradisjon og skapar arbeid – og levebrø. Slik var det på den afrikanske landsbygda då Antoinette vaks opp, men så kom Tom. Ein kontainer, lasta med sko, blir tømt og gitt til borna, også til skomakerens born. Til stor umiddelbar gleda, men kva skjer så med skomakaren, med borna, og kva skjer med Tom? Og kva hender med eit av verdas eldste yrke?

La oss ta ein tur til den vakre bygda mellom fjord og fjell der Aurlandskoen har vore i produksjon sidan 1930 talet. I dag er motenerdar rundt om i verda, i Tokyo og i skolandet Italia, meir opptatt av denne unike skoen enn av dei som vandrar rundt med Prada. For folk i vante motemarknader forstår verdien av skomakarens samlande historie, og ein liten produksjon med handlaga produkt.

Oldefaren min, Nils Tveranger, var gründer av Aurlandsskoen. Som trettenåring emigrerte han, saman med faren, til USA og der lærte han skomakarkunsten. Han vart inspirert av mokasinene til Iroquois indianarane og kom til Aurland som 20 åring med kunnskap om skoproduksjon. På det meste gav produksjonen av mokasinen arbeid til 100 personer i Aurland. I tillegg til å vera ein god og nyskapande skomakar, var oldefar også en dyktig seljar. Aurlandskoen vart eksportert til blant anna Storbritania, Canada og USA.

Det var godt og koma inn i skomakerverkstaden. Framleis kan eg erindra lukta av lêr og kokekaffi , synet av hyllemeter med ferske, nylaga sko, vegguret i harmoni med arbeidsrytmen, skrønene og det lune humøret til dei kjente og kjære karane i blåe kjeledressar. Omsorgen. Skoen er eit produkt av lêr, men lesten er skapt under eit levande engasjement mellom menneske. Eg har alltid trudd, frå bestefaren min sydde mine fyrste Aurlandsko, og eg trur framleis, at det er den gode atmosfæren, engasjementet som gjer at ingen annan sko sit betre på foten enn Aurlandskoen, den blir ein del av deg, ein heilskap.

I 1959 vart det produsert 100.000 par med skor, men så kom konkurransen og hardare tider for skomakaryrket, også i Aurland.  Verkstader vart lagt ned  og den populære inspirerte «penny loaferen»  var på vikande front, men overlevde som ein del av syttitalls Wall Street antrekket og fottøyet vart udødeleggjort av Michael Jackson på åttitalet.

No er den eine attlevande skofabrikken i Aurland i motebilete og skomakaren er ved sin lest!

Verre er det med «djeliba», skomakaren frå Elfenbeinkysten. Han har mista livsgrunnlaget sitt etter at Tom gir eit par enkle sko for kvart par han sel på høgkost marknaden.  Toms appellerar til følelsane våre om å gjera noko godt for andre, medan skomakaren tapar livsgrunnlaget og kanskje er tvungen til å bli båtflyktning på jakt etter lukka i eit europeisk land.  Kva skjer når skomakaren er borte og skorna til borna er utsletne og for små? Dei blir avhengig av å venta på ein ny kontainar, som kanskje aldri kjem.  Jubelen når «djeliba»  besøkjer landsbygda er også vekke, den lokale økonomien er øydelagt, og den som sit igjen med den store gevinsten er Tom! Heldigvis blomstrar det opp bærekraftige skoprodusentar i Afrika, som lagar kvalitetsfottøy i skinn frå lokale kyr og geite leverandørar.  Eit døme er skomakarverkstaden Olibertè i Etiopia som har forstått at om du gjev foreldra ein jobb, vil heile familien alltid ha sko.

I sommar var eg på ein liten rundtur i Sogn. Eg kjøpte meg Toms shoes på salg i Sogndal og då eg kom til Aurland følte eg på slektshistoria og er glad for den nyutvikla kolleksjonen av Aurlandsko. Eg har eit par raude, som er ein del av min identitet.  Eg likar å gå med Toms skorne også, men når eg set mine fotspor i verda, har eg på meg Aurlandsko.

( Antoinette Botti er frå Elfenbeinskysten og har budd i Noreg i mange år. Ho er kvinna bak Ging – ingefær juicen som er “Made in Norway, rooted in Africa!” Ei historie om ein forretningsmodell som alle tjener på. www.ging.no)

14795969_10153806699726782_634066237_o