Engasjement med svart-kvit kontrast
Eg minnes fjernsynsbileta. Hungersnauden i svart-kvitt. Dei magre borna med oppblåst mage, store, redde auger, blikk som har brent seg fast på netthinna mi. Erindring om Etiopia smakar framleis botnlaus fattigdom. Eg minnes oppveksten på Voss. Kontrasten i svart-kvitt, alltid slik. For oss i skibygda var det kvite vidder og svarte løyper. Men fjernsynsbileta laga nye spor i meg om håp, handling og engasjement. Krafta i møter med mennesker.
Eg er i Addis Ababa, kvit blant svarte. Fordi eg er nysgjerrig på landet, på kvinnene, på innovasjonen. Mi oppgåve er å formidla historier som fargelegg bileta frå Etiopia. Historier om menneske som reiser seg opp frå fattigdomen, ein nasjon i endring, om enkeltmenneske som ser mulegheiter for andre.
Rundt Entoto høgden i Addis Ababa klokka fem om morgonen, er det kvinner og hyener som er ute for og kjempa etter livgivande energi. Klokka er elleve og den vevre kvinna har gått i fire timar med ei ekstremt tung bør med brensel på ryggen. Det gjer ho kvar dag. No er det tid for å vandra vidare i håp om og tjena nokre slantar til å brødfø borna. Denne kvinna droppa ut av prosjektet som har som mål og løfta ho ut av fattigdomen. Sanitets skolering etter norsk lest, eigen forretning, sitt eige liv og verdigheit. For nokre er endring krevande. Mange får nytt liv. Møte med sterke og kraftfulle etiopiske kvinner, gode samaritaner, som Birikit og Bethlehem, dei som står bak og tar børa av ryggen til sine med-søstre, berører. Dei mobiliserer, jobbar i partnerskap, skapar bærekraftig forretning. Felles er eigne sterke historier, trua, visdomen og ikkje minst engasjementet for og gjera ein forskjell for fattige kvinner, Hiv positive kvinner, prostituerte kvinner, mishandla kvinner.
Kontrastar fasinerer, kontrastar skremmer, kontrastar er vakkert, som «Bullets to beauty». Mitt møte med Bethlehem, ei etiopisk kvinne som stråler av varme, glede og stoltheit. Det har ho all grunn til, kvinna bak Entoto Beth Artisan – smykkedesign med sterke historier gjer suksess i USA og Australia. Sosialt entreprenørskap som berører. Entoto høgden, rett på utsida av Addis Ababa, er heimen til om lag 5000 mennesker, halvparten lever med HIV/AIDS. Dei er forvist hit, stigmatisert. Området har for så vidt vakkert landskap, men den grå skuggen frå fillete plastpressening fortel om ein koloni lengst nede på den fattige rangstigen.
Med $1 om dagen er det lite håp for ei framtid. Det var før forretningskvinna Bethlehem byrja og praktiserar håp i form av handling. Ho kunne ikkje lenger venta på at regjeringa og politikarane skulle endra samfunnet. Bethlehem ser mulegheiter, bruker Gudegåvene sine av talent og engasjement. Ho skapar arbeid for kvinnene. I tre enkle afrikanske bygningar, «compounds» held dei til – i dag er det 120 kvinner i flittig produksjon av unike smykker. Ekte håndverk laga av blant anna resirkulerte kulehylster frå borgerkrigen, – og kaffebønner, eit viktig landbruksprodukt i Etiopia. Kvinnene får lønn, pensjonspoeng og det blir gjort ekstra heder og ære på månedens stjerne. Det merkast på stemninga. Det er godt og vera her. Eg opplever gode, sårbare og følelseslada møter med mødrene, eit tett samhald der byrdene blir løfta. Kjærleik til livet dei har saman. Heldige meg opplever kraftfulle kvinner som jobbar flittig, dei trivst og har stor yrkesstoltheit, men tek seg tid til og smaka på norsk sjokolade, sjelden kost. Dei likar at eg er på besøk- for livsgrunnlaget deira er basert på historie formidling, men det er ikkje berre derfor marknaden vil ha produkta.
Ei av kvinnene fortel, – My name is Meseret, I came to Entoto Mountain 17 years ago, a year after I found out I have HIV/AIDS in my blood. I was living on the mountain with no source of income, but since I joined the company my life has changed in many ways. My dream for the future is to work more and advance my living condition. Det er akkurat dette som er framtids draumen til Bethlehem, å skapa nye arbeidsplassar, slik at alle kvinnene på Entoto får eit levebrød.
Turen min til Etiopia var på eige initiativ og rekning, men eg kom i kontakt med dei etiopiske kvinnene gjennom Partnership for change, som blant anna gjer eit flott arbeid med å styrke og fremme etiopiske kvinnelege entreprenørar.