Bærekraft er ordet vi brukar om nesten alt. Miljø, økonomi, teknologi, klima, fred. Vi kan ikkje lenger snakka bærekraft, vi må gjera mykje for å hindra at kloden vår styrtar. La oss, som er født på solsida, samstemma vingeslaga våre ombord på «Spaceship Earth», for å halda kursen på vår felles reise inn i framtida. Det nyttar ikkje lenger å brusa med fjørne, rista på stjerten og tru at kloden fiksar kursen sjølv, uten meg, for eg er opptatt av min eigen «business» og har nok med å trena biseps og triseps. Sterk og tøff flaksar eg fort, min eigen veg. Den vegen høyrer fortida til, då kloden heitte Moder Jord, vi laga forretningsplanar med enkel bunnlinja og borna feira FN dagen med nesten lika stor begeistring som til 17-mai.
Denne veka var det FN dagen. Eg deltok på noregslanseringa av rapporten til DNV- GL, om dei 17 globale bærekraftsmåla til FN, ein omtale av den framtida verdssamfunnet ynskjer å utretta innen 2030. Eg lærde at med bærekraftsmåla er vi alle blitt utviklingsland. Alarmerande raude lys høyrer ikkje berre heima i fattige land. Her på berget og i resten av den rike delen av verda, har vi store utfordringar. I tillegg til å justera kursen med samstemte vingeslag, treng vi å segla i same retning. Med alt vatnet som omgjer oss, kan vi godt også kalla flåten «Spaceship Ocean». Vi er alle på den ekstraordinære mannskapslista og har ansvar,- og fridom til å plukka frå dei 17 måla. Finn ditt engasjement, kva er ditt bærekraftsmål? Det er nok av oppgåver, blant anna innen biologisk mangfold, klima, auka ulikheiter, ansvarleg forbruk. Bidra med det du klarar, saman med andre. På jobben og i lokalsamfunnet. På dei arenaer du ferdast, vi har ein lang veg å gå og vi treng alle å vera kloke leiarar for ikkje å styrta.
Heldigvis oppheld «Spaceship Earth» seg i rommet, i muligheitsrommet. Vi menneske ombord har evnen til samarbeid, utfordringane våre driv innovasjonen. Tilliten til kvarandre er avgjerande for å gjera ein forskjell. Vi går i rett retning mot fleire av måla, blant anna utrydding av fattigdom, svolt og jamstilling mellom kjønn. Våre vingeslag blir meir samstemte når vi ser verdien av trippel bunnlinja, det sunne i å tjena pengar på å gjera høva bedre for oss alle. Vingeslag som bidreg til at guten i sør og jenta i nord får mat, reint vatn, god helsa, utdanning, rettvis behandling i eit godt klima. Uavhengig av kjønn. Ein fredeleg atmosfære blir skapt i partnerskap og likeverd. På landjorda og på havbotn. Men alt byrjar med deg sjølv.
Forslag til ei bærekraftig kvardagsleg treningsøkt, for samstemte vingeslag : Oppvarming med sortering av plast og papir, signer på ein kampanje for å minska bruken av plastemballasje. Jogg til butikken med handlesekk, kjøp eit par sko i bruktbutikken, del ein god idé og betal skulepengar for eit barn i Afrika. For nedtrapping, slå av ein prat med ein du ikkje kjenner. Tøy ut med å spanderte eit smil og ein varm klem på ein fyr som frys.
Nyt stjerne himmelen før du sovnar. Skru av lysbrytaren. Det gjer ein forskjell når varsellampene gløder, – eller er det fyrtårnet i det fjerne som fortel oss at: ja, små endringar frå deg og meg skapar håp for framtida til dei som enno ikkje er født. Inderst inne så lengtar vi alle etter ei rein, fager, trygg og rettvis, Moder Jord. Vi kan ikkje styrta, for vi skal landa bærekraftsmåla!