«Jeg skulle ønske at jeg vokste opp uten livet på sosiale medier, så kult var det ikke å være ungdom på slutten av 70 tallet?» undrar sonen min, medan han høyrer på Spotify og originale hits frå mi tid. Staying’ Alive, Stairways to heaven, Changes. Lite visste David Bowie om dei digitale endringane.
Teknologien koblar oss saman i skyer med bilder, spel, video og kjappe formuleringar. Samtaler som blir lada med «powerbank» kan vera fine, men er óg medium til overfladiske, likegyldige ord som er krevande for hjarta å fordøya – følelsar som lagrast, ikkje som skattekammer i identiteten, men på ei kald flyktig sky, som lett kan blåsa opp til storm i sinnet og etterlate seg eit forvirra tomrom i sjela. Eit forfall. Changes.
Det er viktig å omfamne endring. Utvikling ligg i vår natur. Den digitale verda skapar nysgjerrigheit og fenomenale nyvinningar for vitenskapen. Bedre helse, medisin, skule, samferdsel, tryggleik, enklare administrasjon og kommunikasjon. Vilje til endring med mindre fysisk sosial kontakt, medan menneskesjela er urørleg. Vi har ikkje bevis for det, men går det så ufiltrert fort at ungdomen står i fare for avblomstring før knoppskyting? Utbrent på innsida før dei kjenner til flammen som tenner lidenskapen det er å brenna for noko, noko som er større enn seg sjølv. Kanskje gnisten ligg i det vesle som rører seg i naturen og i møter med menneske? Det vesle i ein 70-talls small talk? Ansikt til ansikt, dimensjonen i enkle gode ord som lett kan handterast i ein trygg atmosfære.
For vi er akkurat slik vi var som russ i -79, slik vi var for over hundre år sidan, vi har ikkje endra våre grunnleggende behov etter livet på sosiale medier. Vi er slik som dei to indianarane som reiste med fly for fyrste gong og etterpå vart sitjande lenge på flyplassen i New York . Kva venta dei på? «We are waiting for our soul to catch up.» Dei venta på å koma i kontakt med sjela igjen etter den raske forflyttinga.
På søken etter den vi er på innsida. Ikkje einsame, men saman blir vi oss sjølve. Vi blir oss sjølv av kvarandre i versjon original «live» med eit engasjement som koblar oss. Eg trur ikkje sonen min er åleine når han lengtar etter eit 70-talls liv.
Vi hadde sjølvsagt vår utfordringar, fortel eg han. Møtestaden kunne vera mjølkerampen. Vi flørta, diskuterte, piska orda saman til kremhistorer, ikkje alltid sanne, men likevel ærlege. Her var det levering og henting av næring til kropp og sjel. Vi vaks i samme tempo som den originale musikken. I alle fasettar. Vi kunne tekstane, fri for skjerm, øyreproppar, internett og ei verd der fake news var ikkje oppfunnet, men vi sa hei til naboen og hadde handskrift for å skriva brev med ærlege nyhender, ispedd rampestreker, litt skryt og kanskje ein liten dash med parfyme til gleda for postmannen og den endelege mottakaren.
Teknologien er enkel med lett tilgang for nesten alle. Det er det felles menneskelege som trengs programmering – lavterskel, krevande og livsviktig. La oss byrja med å senda dei unge på danningsreise- trådløst ekte, uten nett, men med energi frå ladestasjon til ladestasjon i møte med kvarandre – på mjølkerampar som speglar tida vår. Oppdatering til versjon original «live» medan dei lagar nye tekstar til låtar som -Kva verd vil vi skapa? –