HJERTEBANK

MODER ORD

MODER ORD

Bilde GAven

Foto: Liz Palmer

MODER ORD av Vigdis Jordal – 11.8.2016

Den har ingen meining åleine, bokstaven R. Rett nok kan den både skarra og rulla

– rulla som dønningar frå havet, som igjen og igjen slår mot land og dannar runde, glatte, ufarlege spor.

R er god saman med O – den trygge, avklarte, fyldige sirkelen – som dråpen og fullmånen- desse to skapar RO. Ein indre samling, ein følelse, eit nærvær, som fred i ein båt med årer. La deg flyta avgårde,- ro din eigen veg!

Bokstaven D er nøkkelen til at O og R opnar seg til ORD, ord som ljos, ljom, love. Utan ord, ingen tekst, ingen tale, ingen forkynning, ingen samtale, ingen bok.

Den infiltrerande dobbelt W lagar ord over landegrenser – WORD – så la heile verda ta del i stemninga – det er lite som skal til for ei stor endring – ein strek, ein ubetydelig l skapar WORLD, kloden vår – her grunnstoffet i møte med menneske er gode ord, vakre ord, kloke ord, ærlege ord, kjærlege ord, men gløym ikkje J – kroken som hektar seg på Moder ord og dannar, ikkje himmel, men JORD

Kjære Ellen, Tenk deg at U er eit dalsøkk, ei lomme, eit bindeleddet ,- på brua mellom ro og uro, er det godt å vera. Det er her kreativiteten ligg. Det er her skrivekløen ligg. Det er her engasjementet ligg. Det er her hjarta bankar ,- ekte energi. Og det er her du er Ellen.

Bøkene Drømmekraft og Våg livet var preludium til Gaven. Du har alt i deg – talentet ligg og kiler i genet frå di tipptippoldemor. Du smittar med ljos for gåva vi alle har i oss, ofte som eit uopna tryllesett, gøymt og gløymt i vår inderste skuff. Du har pakka ditt opp, forsiktig, med respekt, litt etter litt, ord for ord, side for side frå perm til perm.

Magien var sann hjå Anne Brannfjell – og magien er sann gjennom deg. Boka Gaven inspirerer! Gratulerer! Se mer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *