Smak på det, tygg litt på ordet- ha bokstavane på tunga og kjenn etter. Omsut har ein aroma av meining. Opplev ettersmaken. Den er fyldig, rund innleving med hint av djup forståing.

Omsorg er kvardagsleg godt. Det er som fiskebollar å regna. Bleik, mjuk konsistens, lite næring. Greit nok. Omsut er så mykje meir. Det er utsøkt, vakkert, sjeldent. Eit gourmet ord.

Eg hadde nesten gløymt ordet. Så møtte eg på det i ein verdipresentasjon og det festa seg att i meg. Far min sa det ofte. Det var så stødig, ekta. Eg kan framleis høyra korles han uttala ordet, høgtidsstemt, tydeleg, med god vekt på sut. Trykket varte lenge. Høgtrykk. Som ein varm lang klem. Når far brukte ordet kom det eit lunt utrykk i augo hans. Ein kan sjå omsut. Det er den store samanhengen som ein ikkje alltid kan seia, men som ein ser. Omsut i hjarta som slår -for gleda når auger smiler til kvarandre og når augo ser dei som er såra og som treng  å tørka ei tåra.

«De hadde hodet og hænderne fulde med omsut og arbeide» skriv Sigrid Undset i  Kransen.

Omsut sit i hjarta, i hendene, i hovudet. Omsuten brukar heile følelsesregisteret-med empati og kjærlege grenser.

La deg frista, nam, nam. Omsut – eit herleg gourmet ord!