HJERTEBANK

Kor er dei snille heltane?

Kor er dei snille heltane?

standard_vestlyanne-cath

Portrait of American educator and television personality Fred Rogers (1928 - 2003) of the television series 'Mister Rogers' Neighborhood,' circa 1980s. (Photo by PBS Television/Courtesy of Getty Images)

I dag er dagen vi strør om oss med snille hjerter og raude roser. Valentinsdagen – alle hjerters dag går fort over og i morgon er vi tilbake til ein heilt vanleg torsdag i februar.

I fjernsynet og på andre flate skjermar ein vanleg torsdag i februar,  er det langt mellom gode, vennlege, undrande, rolege, SNILLE rollemodellar.  Dei verkelege heltane.

Slik som vi hugsar Anne Cath Vestly sitt lune vesen då ho fortalte historiar til oss gjennom fjernsynsruta – ho fylte hele stova med det snille. Eller stemma hennar i radioen.  Lyden av kjærleik.  Ei kraft som voks vidare i oss. Vi var stille som mus når vi høyrde på den.  Anne Cath var helten.

I Amerika hadde dei Mr. Rogers på TV.

Han gjer same enkle ritual kvar dag. Roleg kjem han inn døra, smiler,  skiftar sko medan han syng: «Vil du vera naboen min?»  Utan støy, utan stress tar han på seg cardigan jakka med glidelås. Akkurat slik, frå mandag til fredag  møter han blikket til born og snakkar direkte, mildt og naturleg.  Mr. Rogers snakkar om følelsar,  han demonstrerer eksperiment, viser ekta håndverk, spelar musikk, ofta jazz. Han gjer alltid eit poeng av at den største gåva du kan gje til andre, er di eigen, ærlege autentiske gåva. Den du er.

I 33 år, på slutten av kvar episode syng Mr. Rogers, medan han knipsar fingrene to gonger og same ritual som då han kom inn.  Det siste han minner om når han går ut døra: «Gjer alltid kvar dag til ein spesiell dag, og du veit korleis; berre ved at du er deg sjølv. Det er ein person i heile verda som er som du, og det er du!  På gjensyn!»

Neighborhood programmet vart ein del av kvardagen til tvillingane våre då vi budde i Amerika.  Det var meir enn eit fjernsynsprogram. Han var til å stola på. Det var ein dagleg dose med kjærleik frå TV. SNILL magi.  Mr. Rogers var helten.

Kor er dei snille heltane? Kor er den nye Anne Cath? Kor er den nye Fred Rogers?  Kom fram! Vi treng dei på skjermane våre. Vi treng dei til å fylle romma våre.  Vi treng dei i hjartene våre.  Det snille. Framtidas ressurs.  Vi treng denne ressursen når Valentinsdagen er over og vi skal møta våre medmennesker  i morgon, ein heilt vanleg torsdag i februar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *