Fotball. Det er ikkje fotball EM, men eit fargesprakande sleivspark i stolpen på eigen banehalvdel i stova, som skulle til for å få meg til å sitja i sofaen. Med eit brot i foten, no midt på sommaren, mot slutten av EM, er livet i sofaen noko heilt nytt. Eg får med meg alt. Heile fotballkampar. Fyrste og andre omgang, ekstra omgangar, straffespark konkurranse, til og med pausen får eg med meg, – utan å skifta stilling. Med venstre foten høgt, gler eg meg over pasjonen. Eg gler meg også over å lesa aviser, alt som står om fotball, om årsinntekta til Ronaldo på 700 millionar kroner, at Müller aldri scorar i EM, ikkje på straffe heller og kva er det no Boateng tenkjer på når han går inn i høgdeduell med armane rett til værs? Draumen om ein håndballkarriere kanskje? Så er det sagaen om «Stråkarnir okkar». Endå meir pasjon. Eg gler meg over det kraffulle, det ekte. Det er mykje å undra seg over i sofaen, når ein er litt ufri, litt hemma, og med «tåa i fatle.» Eg likar fotball og gutane mine likar meg slik, at eg sit stille og engasjerer meg i kampen på fjernsynet saman med dei. Når kampen er over, avisa er lest, då sappar eg over til serien på Netflix, «Orange is the new Black» – «Mitt år i kvinnefengel». Det kunne vore meg, det kunne vore deg. Det er som fotballkampen. Store draumar, små marginer, men det som er overraskande er at eg nikkar meir gjenkjennande til historien om livet til ei kvinne i fengslet, enn livet til helten på fotballbanen. Det er mykje som står på spel, eit følelseslada fargeregister mellom tap og seier. Spelarane er i fokus heile tida. Dei blir sett, verdsatt, hylla, og jubla fram av fansen, heile nasjonen, heile verda. Tapet er lettare å tåla slik. Graset er framleis grønt.

Fengsel. I luftegården i fengslet er kvinnene isolert frå godfot følelsen. Å mista fotfestet ei stakket stund og havna i tåka, langt under horisonten, der det grå betongdekket ikkje gir etter for ein smell, er hardt og vitnar om eit mangfold av skam, frykt, angst, avvising. Kanskje eit lite bidrag frå fotballfesten kan gje håp? Ikkje undervurder ein dråpe i havet. Om dråpen er stor nok og dei små handlingane med strålar av ljos er sterke nok, kan dei klåre fargane til regnbogen koma til syne.

Fargar. Då eg var liten lurte eg på kven regnbogen fekk fargane sine frå. Kven var det som laga dette maleriet over skorsteinane,oppe i lufta der fuglane flyg? Og var det ikkje slik at skatten, gullet, livets under ligg i enden av fargespelet? Det er umogeleg å tenkja på ein regnboge utan fargar. Korleis skulle det ha vore? Regn uten dråpar? Sol utan strålar? Eg lærde om Noas ark, der Gud skapte regnbogen som eit teikn på lovnaden om at han aldri igjen skulle senda ein liknende flaum over jorda. I helga var denne lovnaden ikkje til å ta feil av. Det er like før avspark i kvartfinalen mellom Tyskland og Italia då mi australske veninne i fengslet i Algeciras ringer. Som alltid, ein intens, kort, og ærleg nær samtale før telefonvakten brutalt kuttar linja. Slik er det kvar gong, eit par tre gonger i veka det siste halvanna året. Louise fortel om sin kamp, dei spelar ikkje på lag kvinnene i det spanske fengslet. Der er alle motstandarar og fair play er eit framandord. Dei bryt kvarandre ned. Her manglar lyden frå heia rop og fargane frå engasjementet til bølgen frå folkemassane. Tap kvar dag. Derfor likar ho at eg skildrar livet mitt slik det er utanfor murane. Det kvardagslege, det eg ser og føler akkurat no, frå sofaen like før kampen. «Louise, fargane i regnbogen i kveld er klarare, sterkare og reinare enn eg nokon gong har sett, det er magisk! Rød ytterst, deretter oransje, gul, grønn, blå og fiolett innerst. Alltid slik», fortel eg. Louise er klok, human, følsom og langt nede på rangstigen blant kvinnene i fengslet. Derfor skapar det meining for ho å vera noko for meg. Ho gjev trøst til det «stakkars» bruddet i tåa mi. Ho fortel at venstre sida på kroppen er den spirituelle, den åndelege, men ikkje legg så mykje vekt på det som har skjedd. “Forget the small details and the whole picture will be clearer», seier ho mildt og venleg før telefonsamtalen nok ein gong blir kutta. Ja, slik er det Louise. Ein bagatell i det store bilete  Eit sleivspark med foten i stolpen, ein bom på EM målet, staffeomgangen din i fengslet. Når det kjem til stykke, når resultatet blir målt, er det engasjementet for andre som skapar den varige verdien, i hjarta og i sinnet. Mellom regn og sol ligg det vakre, forandringen, handlingen. Fargar som løfter og beriker.

Somewhere over the rainbow way up high

There’s a land that I heard of once in a lullaby

Somewhere over the rainbow skies are blue

And the dreams that you dare to dream really do come true

 

Someday I wish upon a star

And wake up where the clouds are far behind me

Where troubles smelled like lemon drops

Way above the chimney tops

That’s where you’ll find me”