Kva betyr det å gjera små ting på ein stor måte?

Kva betyr det å gjera små ting på ein stor måte?

Livs- og arbeidsgleda gror best med drypp av «human touch». Det ekte engasjementet i møte med menneske er lett å gøyma og gløyma under press og prestasjon. Vi er i tida for store endringar. Små menneskelege handlinger er livsviktig på vegen. 

Det er lite som skal til for å gleda eit menneske. Små gode gjerningar spreier seg som ringar i vatn. Eit godt blikk kan vera nok. Som då eg under Bislett Games møtte dei brune varme augene til Carl Lewis. Den olympiske friidrettsstjerna flørta og kjensla frydar meg framleis. Energien og engasjementet smitta. Å bli sett er enkel resept og god medisin for livs- og arbeidsgleda. Like effektfullt som det eine snøfnugget som får greina til å brekka, den eine myggen i rommet når du skal sova, dråpen som får begeret til å renna over.

Å løfta vanens blikk

Det er eit bittelite virus som krakelerer verdskartet. Vi var heilt ubudde på det vesle viruset. Det veltar jobbane våre og leitinga etter eit Utopia, jakta på det effektive, perfekte samfunnet. No er det smittekjeder som sameinar oss på nye måtar. Vi treng ikkje å venta på viljen til endring, vi er alle i endringa.

For folk dør og økonomien blør og mange nyt òg dagane i roleg tempo, stille aleine og tettare saman med kjernen i tilværelsen, naturen og familien.  Eg ser deg, du ser meg. Vi kjenner oss igjen og bryr oss om kvarandre. Det kan verka som ein klisjé, men ikkje oversjå det.

Når vi starter opp verda igjen, arbeidsplassen, kulturen, idretten, det vi elskar i sjølve livet, har vi eit forsprang. Vi har øvd oss på å gjera små ting på ein stor måte. Enkle tiltak som ikkje snevrar inn synsfeltet, men løftar vanens blikk. Eit lysande verktøy når vi skal reorganisera til nye vanar og finna opp kreative skapande løysingar. Det er fint med ord som formidlar håp om ny giv og glede, men berre handling skapar endring.

Den enkle vedkubben, den store varmen

Det blir kaldt i verda om det ikkje finst eld. Vi treng å halda elden vedlike med godheit. Små ting på ein stor måte. Å planta eit tre, saga tømmer, hogga ved, stråla varme i frå oss til medmenneske.

Heima hadde far alltid stablar med ved. Det beste han visste var å koma seg ut i «vedskogen». Eg hugsar hendene til far, dei hendene som etter ei god økt i skogen hadde spor av bjørk, osp, gran. Kraftfulle som trestamma, blodårene så levande som den flytande sevja i det indre av træet, lukt av fuktig jord, sagflis og klorofyll, skapt av stødige djupe røter og blader som blafrar mot lyset. Alt det som lever uavhengig av viljen. Meisterhender, solbrune som i erindringa mi var varme og kravlause når dei mjukt strauk meg over kinnet, eit enkelt stryk med mykje omsut og kjærleik. Eg fraus aldri.

Når hjarta har talt

Momodou skulle dø. Han var fødd med alvorlege hjartefeil og budde i eit fattig land der ingen kunne hjelpa han. Eg høyrde historia, møtte den utmattande hvesande pusten og blikket til den sju år gamle guten på tretten kilo. Eg bestemte meg for å redda eit lite liv. Saman med gode hjelparar tok det ni månader å få han til operasjon på Rikshospitalet. Eit team av fantastiske spesialistar stilte opp frivillig og gav den spede guten nytt liv, eit liv der han går på skule og spelar fotball. Etter operasjonen budde Momodou hjå oss, på rommet saman med Jakob, før eg kunne levera ein frisk son tilbake til kontrasten og familien i Vest Afrika.

Ein liten fattig gut skapte stort engasjement blant folk i Noreg og med ringvirkningar til Afrika. Borna i lokalmiljøet lærte om verdien av eit liv, dei fekk erfara kva empati er, kjensla av å vera sosial i hjarta og mest av alt, ja, du kan endre verda!

Store handlingar startar med eit lite blikk, eit blikk som talar til hjarta. Livs-og arbeidsglede gror best med drypp av «human touch», eit ekko av ekte engasjement som ikkje blir gøymt eller gløymt.

En droppe droppad i livets elv,
har ingen kraft att flyte själv.
Det ställs ett krav på varenda droppe:
hjälp att holda dom andra oppe.

– Tage Danielsson –

«Vi har øvd oss på å gjera små ting på ein stor måte. Enkle tiltak som ikkje snevrar inn synsfeltet, men løftar vanens blikk»

 

 

 

Kunsten å kommunisera

Kunsten å kommunisera

Kunsten å kommunisera er kanskje den største kunstforma, siden mediet er det menneskelege sinnet. Men ofte krympar ånd og liv og blir til fakta i ruter og rubrikkar, presentert i PowerPoint. Vekke blir det spesielle tonefallet, det gnistrende blikket, kroppsspråket, alle dei karakteristiske ytre kjenneteikna. Men meir enn det, den indre gløden, begeistringa, den underfundige humoren, omsuten. Gjenkjenninga når orda blir formidla til hjerta. Vi vil føla!
Det er detaljane som skapar det store bilete. Slik som Munch laga fleire skisser av Skriket, der skilnaden på det ikoniske motivtet er med eller uten pupillar, kan vi bruke muntlege fargepalettar til å skildra detaljar på kveldshimmelen frå brua.
Ei poetisk språkdrakt uten ordstøy som «lissom, på ein måte, det handlar om».
Ein god kommunikatør brukar seg sjølv, si eiga kraft til å skapa varme, slik at folk blir trygge, kan slappe av. Som Munch så treng vi skisser og vi må øva, øva og atter øva.

Kva er det som gjev deg energi til å nå målet?

Kva er det som gjev deg energi til å nå målet?

 

Maraton er som livet, meir enn distansen frå start til mål. Å bruka av seg sjølv er essensen. Dette er ei reise gjennom løypa i New York. Bruk atmosfæren frå turen til inspirasjon til jobb eller personleg engasjement. Blir du med?

I startområdet, Staten Island. Nasjonalsongen, kanondrønn og med ljomen av legendariske Frank Sinatra, «New York, New York», er tusenvis i bevegelse. Maraton er ikkje berre ein fot framføre den andre i 42,195 kilometer. Kjenslene er òg i rørsle. Gåsehud, blanke auger, sommarfuglar i magen, mental fokus, pust, smerte, energi ut av komfortsona.

Utpå den mektige Verrazzano Narrows Bridge, stille i flokk, vi er mange nok, oppover, oppover til det høgste punktet med vidsyn til hamna, «skyline», Statue of Liberty. Heile verda samla på ei bru. Trygt med NYPD helikopter over og glitrande vatn under oss. I balanse, midt på, før det går nedover. Med brua i ryggen frontar vi hordar av menneske med varm velkomst til Brooklyn. Plakatar med gode, humoristiske ord, heiarop, heftige soulrytmar. Blikk møter blikk, hender møter hender, «highfive» og folkefest. Plutseleg midt i larmen, blir det på nytt stille. Eit skifte, ei endring, ein ny kultur. Den ortodokse jødiske Williamsburg. Lågmælte klede og uttrykk, mørke menn, duse kvinner, born med ransel, søndag og heilt uberørt av sirkuset. Eg prøver meg på litt hebraisk. Vennleg undrande respons før nye kapittel med begeistring langs løypa.

I flytsona, på og av

Eg tenker lett, ledig, mjukt og prøver uanstrengt å ta imot alt det løypa har å gje. Frå ein brannbil strøymer det ut ny energi, den heftige låten frå filmen Rocky, «Eye of the tiger». Tøffe menn i uniform dansar etter rytmane, akkurat det den trøytte kroppen min hadde behov for på vegen vidare til Quensboro Bridge. Brutal betong sug nye krefter, målretta tunge steg rommar lufta medan synet av Manhattan gjev opptur.

First Avenue er ein slags rykk tilbake til start. Det veit publikum som spanderar bananer, sjokolade, muffins. Påfyll for sjela, for kroppen fortel meg at eg burde ha gjort endå betre førebuingar. Frivillige byr på lindring med våte svampar og massasje. Det neste giret gjennom fargerike Bronx heiter VILJEN. Det ligg ei død rotta i vegen. Løypa svingar.

Halleluja!

Harlem med gospel, gangster og glede. Her sakka eg farten framfor ei kyrkja for å ta inn fantastisk musikk og oppdagar den svarte mannen med plakatteksten: «You better run girl, you are in Harlem».  Halleluja! Ny giv på Manhattan. Haustfargar, Fifth Avenue, kostbare hus. Folka som bur her er ute og deler raust med applaus og håp om å nå målet. Kjensla av å vera rockestjerne! Central Park er større enn du trur, eg hentar energi frå skråling frå folk med utstråling og småpratar med andre løparar, som  jenta frå Bangladesh. Vi snakkar om inspirasjon frå nobelfredsprisvinnar Muhammad Junus, som eg møtte i Oslo. Eit forvirra lite ekorn, hoppande modig på sidelinja. Ein detalj som elles er lett å oversjå, men ikkje når du er på felgen. Suksessen ligg i detaljane.

Saman er vi mindre aleina

Nye kilometer, vi lenar oss til kvarandre, saman er vi mindre aleina. Så endeleg! Endeleg kjennest antydning av mestring.  Den følelsen eg kjende ved  målgang i Roma, i Paris, i Berlin og no snart her i New York. Verdas største og mest populære maraton. Det er emosjonelt å passera «finishline». Amerikanarane er verdsmeistrar i ros og anerkjenning. «You are amazing!». Belønning rundt halsen. Medalja er ekstra stor og feit. Med «zombieskritt» går eg saman med tusener ut av eventyret.

Eit eventyr eg aldri vil gløyma.

Eg håpar at den dagen livet er slutt, at eg er fornøgd med prestasjonen. Eller snarare stolt over alle menneska eg møtte, inntrykk eg tok inn undervegs og delte vidare. Det eg klarte å gje av gleda. At eg brukte av meg sjølv og potensialet mitt.

Og du, det er aldri for seint å utforska det du har lyst til. Kva er det som gjev deg energi til å nå målet?

Det nye ligg kanskje utanfor komfortsona, men det er god grunn til å ta turen dit.

Eg var 54 år då eg byrja å springa.

Det skal merkast at vi lever.  Og det kjenner vi når vi spring maraton.

 

«Blikk møter blikk, hender møter hender, «highfive» og folkefest. Plutseleg midt i larmen, blir det på nytt stille»

 

 

 

Undring om tid og human globalisering

Undring om tid og human globalisering

Har du høyrt historien om indianarane frå Amazonas som skulle forhandla med storindustrien som opererte i regnskogen? Indianarane, som aldri hadde sett eit fly før, skulle fly til Kennedy Airport i New York. Der sette dei seg. Og dei vart sitjande. Etter tre døgn holdt dei på å bli arrestert. Indianarane venta berre på å få meg seg sjelene sine.  «We are waiting for our soul to catch up»

Tida er ein demokratisk ressurs, lik for alle, men eg undrar på om opplevinga av tida har endra seg i takt med  utviklinga. Vi høyrer historier frå den langsame tida som var, for i dag går tida så fort, seier folk som har mykje dei skal ha gjort, medan dei tastar med fokuserte skjermblikk.

Eg verdset augneblink når tida står stille, når eg møter folk ansikt til ansikt og høyrer forteljingar om det djupt menneskelege. Tilstades og engasjert i detaljerte, sanselege historier, eit landskapet som sameinar oss, uavhengig om vi er frå Nepal, Mexico, Oslo eller Voss.  Utanfor allfarveg i Afrika får eg spørsmål som;kva stamme tilhøyrer du?  Eg svarar at eg ikkje lever i noko stammesamfunn, vi er ferdige med det, men i det moderne forretningslivet, fortel eg vidare,der har folk starta med å spørja kvarandre om kultur,formål og meining. Dei vil ta tida og historiane tilbake. Det lønner seg.

God menneskeleg forståeing av endring

Om hundre år er allting gløymt, er ei formulering som lever etter forfatter Knut Hamsun, men dei digitale avtrykka våre vil sannsynleg leva lenge.

Teknologihistoria fortel om utvikla til menneske, om korleis nye verktøy blir skapt, korleis teknologien endrar omgivnadene, korleis nye løysingar utfordrar og påvirkar oss og korleis globalisering er drivar for endringa.  Økonomisk og menneskeleg.  Evolusjonen i skilpaddefart og teknologien i rakettfart. Eit tempo der kursen mot målet kanskje bør justerast undervegs?  Det er ikkje rom for tungt planarbeid på denne ferda. Utdatert. Så det er smart å bruke visdomen vår til god menneskeleg forståing av endring.  Tilhøyrigheit, meining og den gode tvilen til kvifor vi gjer det vi gjer. Tvilen som eit venterom for å oppdaga nyansane i menneske, fanga opp talentet, inkludera  og setja ljos på mangfaldet.  For deretter i handling, å skapa god endringsenergi og positive resultat.

Ei tidsreise

Eg er tilbake i Israel, eit høgteknologiland med tidskontrastar f.Kr.  Frå Jerusalem med klagemuren,  restar frå tempelet til Herodes, til mi gode veninne som er ein del av israelsk medisin -og medisinteknologi i verdsklasse.  Ei tidsreise.

Min nysgjerrigheit for menneske og medisin førte meg som nyutdanna farmasøyt til Tel Hashomer Medical Center i Tel Aviv. Der var eg med på eit tidleg stadium av IVF, In vitro fertilisering.  Å oppleva spiren til eit nytt liv gjennom mikroskop, reagensrøyr og varmeskap var magisk innovasjon. Det er nok fantastisk å laga robotar og digitale løysingar som blir lagra på eller i ei sky, men å skapa menneske i laboratoriet legg seg skyfritt mellom rytmen og strengene i hjarta.  Eit område som ikkje er flyktig, men det som varer, hjarta er berekraftig.

Oppdater til human globalisering

Vi må ta vare på det berekraftige, på hjartene til menneska, dei grunnleggande verdiane, midt i den raske endringa.  Livet vi likar å leve, saman med andre,er ikkje i takt med alt anna i tida. Eller sagt på ein annan måte, hjernen vår har endra seg lite medan vi skal forholda oss til så mykje, og deretter endå meir. Som til dømes sosiale globale nettverk som sprer hets, løgn og står for store politiske kampanjer, ikkje alltid edruelege. Slik blir det ubalanse i verda  og i det generelle menneskelege klima. Kan det finnast håp i at teknologien kan skapa meir medmenneskeleg engasjement?

I min neste artikkel om human globalisering, kjem det meir om engasjement i gode møter mellom menneske.

Versjon original

Versjon original

«Jeg skulle ønske at jeg vokste opp uten livet på sosiale medier, så kult var det ikke å være ungdom på slutten av 70 tallet?» undrar sonen min, medan han høyrer på Spotify og originale hits frå mi tid. Staying’ Alive, Stairways to heaven, Changes. Lite visste David Bowie om dei digitale endringane.

Teknologien koblar oss saman i skyer med bilder, spel, video og kjappe formuleringar. Samtaler som blir lada med «powerbank» kan vera fine, men er óg medium til overfladiske, likegyldige ord som er krevande for hjarta å fordøya – følelsar som lagrast, ikkje som skattekammer i identiteten, men på ei kald flyktig sky, som lett kan blåsa opp til storm i sinnet og etterlate seg eit forvirra tomrom i sjela. Eit forfall. Changes.

Det er viktig å omfamne endring. Utvikling ligg i vår natur. Den digitale verda skapar nysgjerrigheit og fenomenale nyvinningar for vitenskapen. Bedre helse, medisin, skule, samferdsel, tryggleik, enklare administrasjon og kommunikasjon. Vilje til endring med mindre fysisk sosial kontakt, medan menneskesjela er urørleg. Vi har ikkje bevis for det, men går det så ufiltrert fort at ungdomen står i fare for avblomstring før knoppskyting? Utbrent på innsida før dei kjenner til flammen som tenner lidenskapen det er å brenna for noko, noko som er større enn seg sjølv. Kanskje gnisten ligg i det vesle som rører seg i naturen og i møter med menneske? Det vesle i ein 70-talls small talk?  Ansikt til ansikt, dimensjonen i enkle gode ord som lett kan handterast i ein trygg atmosfære.

For vi er akkurat slik vi var som russ i -79, slik vi var for over hundre år sidan, vi har ikkje endra våre grunnleggende behov etter livet på sosiale medier. Vi er slik som dei to indianarane som reiste med fly for fyrste gong og etterpå vart sitjande lenge på flyplassen i New York . Kva venta dei på? «We are waiting for our soul to catch up.» Dei venta på å koma i kontakt med sjela igjen etter den raske forflyttinga.

På søken etter den vi er på innsida. Ikkje einsame, men saman blir vi oss sjølve. Vi blir oss sjølv av kvarandre i versjon original «live» med eit engasjement som koblar oss. Eg trur ikkje sonen min er åleine når han lengtar etter eit 70-talls liv.

Vi hadde sjølvsagt vår utfordringar, fortel eg han. Møtestaden kunne vera mjølkerampen. Vi flørta, diskuterte, piska orda saman til kremhistorer, ikkje alltid sanne, men likevel ærlege. Her var det levering og henting av næring til kropp og sjel. Vi vaks i samme tempo som den originale musikken. I alle fasettar. Vi kunne tekstane, fri for skjerm, øyreproppar, internett og ei verd der fake news var ikkje oppfunnet, men vi sa hei til naboen og hadde handskrift for å skriva brev med ærlege nyhender, ispedd rampestreker, litt skryt og kanskje ein liten dash med parfyme til gleda for postmannen og den endelege mottakaren.

Teknologien er enkel med lett tilgang for nesten alle. Det er det felles menneskelege som trengs programmering – lavterskel, krevande og livsviktig.  La oss byrja med å senda dei unge på danningsreise- trådløst ekte, uten nett, men med energi frå ladestasjon til ladestasjon i møte med kvarandre – på mjølkerampar som speglar tida vår. Oppdatering til versjon original «live» medan dei lagar nye tekstar til låtar som -Kva verd vil vi skapa?

OMSUT – eit gourmet ord

OMSUT – eit gourmet ord

Smak på det, tygg litt på ordet- ha bokstavane på tunga og kjenn etter. Omsut har ein aroma av meining. Opplev ettersmaken. Den er fyldig, rund innleving med hint av djup forståing.

Omsorg er kvardagsleg godt. Det er som fiskebollar å regna. Bleik, mjuk konsistens, lite næring. Greit nok. Omsut er så mykje meir. Det er utsøkt, vakkert, sjeldent. Eit gourmet ord.

Eg hadde nesten gløymt ordet. Så møtte eg på det i ein verdipresentasjon og det festa seg att i meg. Far min sa det ofte. Det var så stødig, ekta. Eg kan framleis høyra korles han uttala ordet, høgtidsstemt, tydeleg, med god vekt på sut. Trykket varte lenge. Høgtrykk. Som ein varm lang klem. Når far brukte ordet kom det eit lunt utrykk i augo hans. Ein kan sjå omsut. Det er den store samanhengen som ein ikkje alltid kan seia, men som ein ser. Omsut i hjarta som slår -for gleda når auger smiler til kvarandre og når augo ser dei som er såra og som treng  å tørka ei tåra.

«De hadde hodet og hænderne fulde med omsut og arbeide» skriv Sigrid Undset i  Kransen.

Omsut sit i hjarta, i hendene, i hovudet. Omsuten brukar heile følelsesregisteret-med empati og kjærlege grenser.

La deg frista, nam, nam. Omsut – eit herleg gourmet ord!